Aktivitetar nær Voss glamping

Frå tipien kan du vandra rett ut i skogen for å bada i ein elvekulp, eller følgje stien heilt til fjells. I området rundt glampingen finn du mengder av turer, og i kring Voss finn du aktivitetar og opplevingar for ein kvar smak og spaningsnivå.

Du kan og nytte høvet til å oppleva ølbrygging i eldhuset på garden.

Du kan ta Voss gondol frå Vossevangen til toppen av Hangursfjellet, der du kan gå fjelltur om sommaren eller bruka skia om vinteren. I Voss Resort finn du eit av Noregs beste skianlegg.

Sjekk ellers ut Klatreparken eller rafting med Voss Active. Flyg som ein fugl i vindtunellen hjå Voss Vind. Dei modigaste kan ta eit tandemhopp i fallskjerm hjå Skydive Voss, eller kankje ein tandem flytur med paraglider?